Når barn og unge treng hjelp
Det skal vera trygt og godt å veksa opp i Suldal. Av og til oppstår likevel utfordringar som gjer at ikkje alle har det så bra. I vår kommune følgjer me BTI-modellen for å sikre at barn og unge får den hjelpa dei treng.
Er du bekymra for eit barn eller ein ungdom? Anten uroa er sterk eller svak – gjer noko med det!
Korleis gå fram med ei bekymring for eit barn eller ein ungdom?
I kommunen vår tek me alle bekymringar, små og store, som gjeld barn og unge like alvorleg. Om det er eit barn i familien din, venekretsen eller i nabolaget er det godt å ha ein vaksen som ser situasjonen til barnet og bidreg til at barnet får den oppfølginga det skal ha. Du kan melde bekymringa di til alle i kommunen som arbeider med barn. Det kan vere lærar/rektor, tilsett i barnehage, helsesjukepleiar, SLT-koordinator eller hendvend deg til servicetorget for ein kontaktperson over telefon. Les meir om Uro for barn og unge. I kommunen jobbar me saman med barnet og familien for å sikra at grunnlaget for bekymringa vert handtert gjennom BTI – Betre Tverrfagleg Innsats som sikrar oppfølging og løysing. Les meir om dei ulike tenestene i vår kommune.
Dersom du er føresett kan du finna meir informasjon om korleis kommunen jobbar her.
Dersom du er nabo, ven eller ein del av ein utvida familie kan du finna meir informasjon her.
Tilbod for barn og unge i kommunen vår.
Helsestasjon
52 79 23 10Psykisk helsetenester
99 58 34 57Organisasjon og innbyggarkontakt
52 79 22 00Barne- og familieteam
52 79 23 60Kommunepsykolog
96 94 23 63Jordmor
52 79 23 10Barnevernet
52 78 60 30Barnevernvakta, akutt kl. 15-7.30
46 94 29 92
Ved mistanke om vald eller overgrep skal du ta direktekontakt med Politi 112 eller Barnevernstenesta 52 78 60 30