Tiltak og tenester for barn, og unge i kommunen

Helsestasjonen og jordmortenesta

Helsestasjons- og jordmortenesta driv førebyggjande og helsefremjande arbeid i kommunen, særleg retta mot barn, unge og føresette. Tenesta er eit lågterskel tilbod, som vil seie at ein kan ta kontakt ved behov, enten via telefon eller kome innom. Her kan ein få råd og rettleiing kring barns vekst og utvikling. Helsestasjonen samarbeider m.a med fastlege, fysioterapeut, barnehage, psykisk helseteneste, PPT og barnevern.

Tiltak og metodar: 

  • ICDP-rettleiingsgrupper. 8 samlingar for foreldre. Fokus på å styrka foreldrerolla og samhandlinga med barnet. Påmelding med jamne mellomrom.
  • PIS- skilsmissegruppe. Tilbod for barn i barnehage og skule. Dette er ei ei gruppe som møtes på barna sine premisser og arenaer når dei føresette går i frå kvarandre.
  • NBO (new born observation). For nybakte foreldre. Dette er eit relasjonsbyggande reiskap for å auka kunnskapen om åtferd og uttrykk hjå det nyfødde barnet.
  • Ammekyndig helsestasjon. Eit tilbod til ammande mødre, for å gi ammerettleiing ved helsestasjonen.
  • Barne- og familierettleiing. Tilbyr rettleiing til familiar som treng ekstra oppfølging utover den ordinære rettleiinga helsestasjonen eller skulehelsetenesta kan tilby. For familiar med barn frå 0-20 år. 
  • Svangerskapskontrollar. Jordmor og lege ved Helsetunet på Sand samarbeidar om svangerskapskontrollane. Første kontroll er ca i 8-12 svangerskapsveke, eller før ved behov/ønske. Svangerskapskontrollane er gratis. Ein samarbeidar med gynekologisk poliklinikk ved Haugesund sjukehus i risikosvangerskap.
  • Psykologisk førstehjelp, eit sjølvhjelpsverktøy for barn og unge
  • Samspelsgrupper
  • Grupper på helsestasjonen. Foreldre til barn mellom 0 og 5 år kan møtast på helsestasjonen, i lag med tannpleiar, fysioterapeut og fleire. 
  • Aktivitetsgrupper. Helsestasjonen arrangerer i lag med fysio aktivitetsgrupper for inaktive og overvektige. 
  • Firfotmodellen. Kartleggingsverktøy til hjelp når ein er uroa for barn og unge si utvikling. 
  • Edinburgh Postnatal Depression Scale. Vurdering av foreldrefunksjon i forhold ti depressive plager hjå gravide og nybakte mødre. 
  • Tweak. Vurdering av foreldrefunksjon i forhold til rus hjå gravide og nybakte mødre. 
  • Alarm Distressed baby scale (ADBB). Kartlegging av sosial tilbaketrekkingsåtferd hjå barn. 

Kontaktinformasjon

 

Barne- og familierettleiar

Barne- og familierettleiar er ein ekstra ressurs på helsestasjonen som kommunen tilbyr til familiar med barn frå 0-20 år som treng ekstra oppfølging. Nokre barn treng særleg støtte frå vaksne og nokre vaksne ynsker hjelp til å sjå korleis dei kan støtte barna best mogleg. Barne- og familierettleiar kan du møte på helsestasjonen eller at me kjem heim. Alle er velkomne til å ta kontakt.

Det er ikkje ventetid og tilbodet er gratis.

Kontaktinformasjon

Helsestasjon for ungdom

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod som gir helsetenester til ungdom i alderen 13-20 år som bur i Suldal kommune. 

Du treng ikkje bestille time til helsesøster på helsestasjon for ungdom og tilbodet er gratis. Du vert møtt med respekt og me vil gjer vårt beste for å hjelpe deg. 

Dette kan me hjelpa deg med: 

  • testing for kjønnsjukdommar
  • spørsmål om seksuell helse
  • samtale for deg som opplev kvardagen som tung og vanskelig for eksempel i forhold til rus, har eit vanskelig forhold til mat eller anna.
  • resept på p-piller og annan prevansjon
  • spørmål om graviditet og graviditetstest

Kom innom oss viss du har noko vanskelig du vil snakke om og ikkje veit kven du skal snakke med. Me kan henvisa deg til andre fagpersonar ved behov. 

Kontaktinformasjon

Helsesjukepleiar i skulen

Alle skular har ei skulehelseteneste med helsesjukepleiar som skal støtta elevar, foreldre og skule i å skapa gode oppvekstvilkår og fanga opp signal på mistrivsel og avvik.

  • Helsesøster har fast frammøtetid på kvar skule.
  • Helsesøster har ei open dør for alle elevar – kom gjerne innom for ein prat.
  • Helsesøster arbeider bredt tverrfagleg, og deltar i opppvekstteam på skulane. Samarbeid med andre instansar skal skje i forståing med føresette.
  • Skulelegen møter alle elevane gjennom helsekontroll før skulestart. Seinare er skulelegen medisinsk rådgjevar for skulehelsetenesta.

Kontaktinformasjon

Kommunepsykolog

Psykologitenesta er eit lavterskelstilbod for born, unge og deira familie. 

Tiltak og metodar: 

  • Konsultasjon
  • Utredning/ vurdering
  • Avgrensa individualbehandling/- terapi
  • Samspelsintervensjonar
  • Tilknytningsfokusert familiearbeid
  • Rettleiing
  • Vidare tilvining til spesialisthelsetenesta for born, unge og voksne (herunder bl.a. BUP og DPS)
  • ADDES (ADHD screening). kartlegging av mogleg ADHD
  • ASEBA. Kartlegging av ulike psykiske symptom. 
  • Family relations test. kartlegging av kjensler eit barn har i forhold til familien sin. 

Kreftkoordinator

Dersom ein sjølv eller nokon i familien er kreftsjuk har Suldal kommune tilbod om oppfølging frå kreftkoordinator, som blant anna: 

  • støtte og hjelp til pårørande
  • støtte og hjelp til born når mor eller far har kreft
  • støtte og hjelp til familiar med kreftsjuke born

Kontaktinformasjon

Barnevernet

Barnevernet skal vera ein garanti for at alle born og unge blir sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmuligheter. Dei skal beskytte born mot omsorgssvikt og motvirke at born lir fysisk og psykisk overlast. Barnevernet sitt arbeid er en blanding av støtte og kontroll. Det skal gi hjelp og støtte slik at heimen skal kunne makte sitt oppdrageransvar, men dei har og plikt til å gripa inn dersom det ikkje nyttar.

Tiltak og metodar: 

  • Råd og rettleiing
  • Støttekontakt
  • Plass i barnehage/SFO
  • Miljøarbeider i heimen
  • Familieråd
  • Besøksheim
  • Tiltak som stimulerer bornet/ungdommen til fritidsaktiviteter
  • Økonomisk støtte i form av pengar til for eksempel fritidsaktivitetar
  • Formidling av plass i fosterheim, mødreheim eller institusjon
  • Vise til andre instansar som kan yte hjelp og støtte for eksempel PPT, BUP
  • Marte Meo. rettleiingsmetode, styrking og utvikling av samspelet mellom foreldre og barn der video vert nytta som hjelpemiddel. 
  • Multisystemisk terapi (MST). Eit behandlingstilbod for familiar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Titaket blir gitt gjennom Bufetat.
  • EuroAdad. kartlegging av ulike problemområde basert på: fysisk helse, skule, sosiale forhold, familie, psykisk helse, kriminalitt og alkohol/narkotika). For ungdom mellom 12 og 19 år. 
  • Klementsrudmodellen. Arbeidsmodell i samband med vald i nære relasjonar. For familiar. 
  • Kvellomodellen. Modell for tidleg tverrfagleg innsats. 

PP-tenesta - pedagogisk psykologisk teneste

PPT har fokus på sterke sider, læring og utvikling

PP-tenesta skal hjelpa barn, elevar og vaksne med behov for særskilt tilrettelegging. Formålet er at dei skal få eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod.

Eksempel på særskilde behov kan vera:

  • Språk- og talevanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sosiale- og emosjonelle vanskar
  • Åtferdsvanskar
  • Syn- og hørselsvanskar
  • Generelle lære- eller fagvanskar
  • Lese- og skrivevanskar
  • matematikkvanskar

PP-tenesta kan gi foreldrerettleiing, og rettleiing til tilsette i barnehage og skule. 

Politiet

Råd og førebygging
Det å vera merksam og å ta nokon førehandsreglar kan ofte vera med på å avdekka eller hindra kriminelle handlingar. Politiet gir deg råd om kva du kan gjera.

Dersom det er noko ein er uroa for når det gjeld barn og ungdom, kan ein kontakta politikontakten i Suldal. 

Kontaktinformasjon

SLT-koordinator

SLT-koordinatoren jobbar med lokale førebyggande tiltak mot rus og kriminalitet, i hovudsak mot barn, unge og føresette. Målet er at kommunen sine barn og unge skal ha gode oppvekstvilkår og få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.

Saman med lokalt politi har kommunen utarbeidd ein rettleiar som gir kunnskap om korleis ein kan førebyggja, oppdaga, møta og følgja opp valdeleg ekstremisme. Den er særleg tiltenkt tilsette i offentlege tenester, private og offentlege arbeidsgjevarar og leiarar i frivillige lag og organisasjonar, men er og relevant for innbyggjarane elles. Målet med rettleiaren er at den skal fungera som eit oppslagsverk der ein kan finna informasjon om omgrep, handlingsplanar, litteratur, kontaktpersonar og lenkjer til relevante nettstader. Du kan lesa rettleiaren her

Kontaktinformasjon

 

KE - koordinerande eining

Koordinerande eining skal bidra til å sikra eit heilskapleg tilbod til pasientar og brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester. KE samarbeider på tvers av fagområder, nivå og sektorar og legg til rette for brukarmedverknad.

KE bidrar med blant anna:

  • Kartlegging og vurdering av hjelpebehovet
  • Oversikt over tenester som er tilgjengelige i Suldal kommune
  • Formidla kontakt med dei som er aktuelle for deg
  • Sikra at dei ulike tenestene du får fungerer saman
  • Gjer vedtak og sikrar framdrift i arbeidet med individuell plan

Kontaktinformasjon

Fysioterapi

Fysio tilbyr vurdering, kartlegging og oppfølging av born, både på avdelinga og i deira naturlege omgjevnadar som heimen, barnehage og skule. Dei samarbeider tett med helsestasjonen.

Kontaktinformasjon

Psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste gir hjelp og støtte til personar som har ein psykisk lidelse. Tilbodet du får er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er, og kva som skal til for at du kan få det betre. 

Psykisk helseteneste tilbyr: 

  • hjelp til å meistra angst, depresjon og andre psykiske lidingar
  • støttesamtalar, nettverksarbeid, miljøarbeid og motivasjonsarbeid
  • handtering av medisin
  • dagtilbod med kreativ gruppe
  • lyrikk-gruppe
  • individuell plan og ansvarsgrupper
  • pårørandetilbod
  • hjelp til å finna meiningsfylte aktivitetar
  • å strukturera kvardagen
  • støtte til å handtera bu-situasjon
  • samarbeid med NAV og andre tenester i rehabiliteringsprosess helse/arbeid/fritid
  • oppfølging av rusrelaterte vanskar, i samarbeid med ruskonsulent (NAV)

Kontaktinformasjon

Frisklivssentralen

På Frisklivssentralen kan dei som ønskjer det få hjelp til å komme i gong med livsstilsendring innan fysisk aktivitet, kosthold, tobakk og lettare psykiske plager. Frisklivssentralen gir individuell oppfølging, kurs og faste treningsgrupper som ein kan delta på.

Kontaktinformasjon

Barnehage

Barnehagane tilbyr ulike tiltak for barn og familiar:

  • Foreldrerettleiing av pedagog ved behov 
  • Psykologisk førstehjelp, eit sjølvhjelpsverktøy for barn og unge
  • Kontakt med andre hjelpetenester etter behov
  • Tilrettelegging for barn i barnehagen

Kontaktinformasjon

Skulane

Skulane tilbyr ulike tiltak for barn og familiar:

  • Foreldrerettleiing av pedagog ved behov 
  • Psykologisk førstehjelp, eit sjølvhjelpsverktøy for barn og unge
  • Kontakt med andre hjelpetenester etter behov
  • Tilrettelegging for elev i skulen

Kontaktinformasjon

BUP - barne- og ungdomspsykiatri

BUP gir eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande. 

Døme på tilbod: utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring og AD/HD.

BUP har og tilbod innan depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

 

Samhandlingsforløp Helse Fonna

 

Kontaktinformasjon

Krisesenter Vest

Målgruppa for Krisesenteret er kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar i nære relasjonar. Krisesenteret tilbyr ikkje hjelp til valdsutøvaren.

http://www.hvorlite.no/ er ei heimeside om vald i nære relasjonar og gjer informasjon om kor lite du skal finne deg i.

Treng du ein stad å bu i ein akuttsituasjon eller nokon å snakke med, nokon du kan stole på? Du kan ta direkte kontakt med eit krisesenter, og alle dei tilsette har teieplikt. Krisesenteret kan blant anna tilby deg:

  • Eit menneske som lyttar til det du vil fortelje
  • Informasjon om rettar, råd og rettleiing på telefon eller ved oppmøte
  • Eit mellombels tilbod om ein stad å bu for deg og barna dine.
    Butilbodet til kvinner og butilbodet til menn skal vere fysisk skilde
  • Hjelp til å få kontakt med lege, advokat, politi, sosialkontor eller andre hjelpeinstansar

Vald, mishandling og overgrep er eit stort samfunnsmessig problem, med alvorlege konsekvensar for dei som blir råka.

Krisesenteret vil, i samarbeid med deg, vurdere kva som skal til for at du skal være trygg på senteret. Dersom krisesenteret ikkje kan beskytte deg godt nok, skal kommunen og politiet saman finne ein stad å bu for deg.

 

Kontaktinformasjon