Barn som pårørande

Familielivet består av store og små hendingar som kan gjera barn til pårørande på ulike måtar. Somme barn opplev at det skjer noko akutt med mamma, pappa eller søsken – ein eller fleire gonger i løpet av oppveksten. For andre er det å vera pårørande ein del av kvardagen.

Det er vanlegast å tenka på barn som pårørande når foreldre eller søsken er sjuke, som følgje av psykisk sjukdom, fysisk sjukdom eller ein skade. Men, det finst og mange andre årsaker til at barn opplev at kvardagen vert vanskeleg og at dei kan kallast pårørande. Det er til dømes mange barn i Noreg som opplev at foreldra misbruker alkohol eller andre rusmiddel. Barn er og pårørande når nokon av dei næraste døyr. Andre barn opplev belastningar i kvardagen ved samlivsbrot, eller når foreldra er fattige. Fleire barn enn me trur opplev og å vera vitne til vald i familien. Somme har og en forelder som sit i fengsel.​​​

Dei fleste barn som er pårørande vert godt ivaretekne og klarer seg bra. Likevel er det somme som kan utvikla eigne problem. Dette er problem som kan melda seg i oppveksten, eller dei kan bli synlege når barna vert vaksne.

Det å vera pårørande kan medverka til at barn opplev angst, depresjonar, åtferdsvanskar, konsentrasjonsvanskar eller fråfall frå skule og utdanning. Ingen kan med sikkerheit seia at eit barn vil utvikle eigne problem, men me veit at det å vera pårørande kan føra til vanskar. Me veit og at dersom barn vert utsette for fleire belastningar samtidig, så aukar det sannsynet for at barnet utviklar eigne problem.

 

Det er ikkje alltid like enkelt å vita om eins eige barn er pårørande. Alle er me ulike, og alle barn og familiar er unike. Desse tre spørsmåla kan kanskje hjelpa deg med å finna ut av om dine barn kan reknast som pårørande:

  1. Kva relasjon har barnet til den det gjeld? Gjeld det nær eller fjern familie? Har dei mykje kontakt? Gjeld det nokon som betyr mykje for barnet?
  2. Korleis er barnet påverka av det som skjer? Har barnet sett eller opplevd noko? Vert dei vanlege rutinane endra? Har kvardagen endra seg?
  3. Kva belastningar er barnet utsett for? Har barnet opplevd noko du trur kan vera vanskeleg? Har barnet vist reaksjonar du trur handlar om å vera pårørande?

Dersom det er vanskeleg å svara på spørsmåla, kan det være nyttig å tenkja på kva barnet sjølv ville svart. Nokre gonger får du først svar når du spør barnet.   Les meir om barn som pårørande på:

Barne- og familierettleiarar og kommunepsykolog

Suldal kommune har barne- og familierettleiarar, eller kommunepsykolog som ein kan ta kontakt med dersom ein ynskjer nokon å snakka med eller vil ha informasjon om kva tilbod kommunen har.

Send gjerne ein e-post så kan ein barne- og familierettleiar eller kommunepsykolog kontakta deg. Legg gjerne ved telefonnummer når du sender ein e-post.

Kontaktinformasjon til barne- og familierettleiarane finn du her. 

Kontaktinformasjon til kommunepsykologen finn du her. 

Du kan og ta kontakt med andre tenester i kommune vår dersom du ynskjer det. Sjå  her for oversikt over fleire tilbod i kommunen.

 

Tilsette i kommunen

Kva må du som jobbar med barn og vaksne tenke på?

Stortinget vedtok 19.juni 2009 endringar i helsepersonelllova og lov om spesialisthelsetenesta for å sikra at helsepersonell skal identifisera og ivareta det informasjons- og oppfølgingsbehovet mindreårige barn som pårørande har.

Helsepersonell skal bidra til å dekka behovet for informasjon og naudsynt oppfølging mindreårige barn eller søsken av pasient med psykisk sjukdom, rusmiddelavhengighet eller alvorlig somatisk sjukdom eller skade, kan ha som følge av føresette eller søsken sin tilstand. Føremålet med reglane er å sikra at barna vert fanga opp tidleg, og at det vert sett i gong prosessar som set barn og føresette betre i stand til å meistra situasjonen. Vidare er føremålet å førebyggja problem hos barn og unge. Reglane gjeld både for helsepersonell i spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta og private helsetenester.

Les meir om dette: Rundskriv Barn som pårørande

Andre tilsette i kommunen er og pålagt å handla dersom ein opplev ei bekymring knytt til eit barn eller ein ungdom, sjølv om ein i utgangspunktet har kontakt med dei føresette.

Samtykke 

Ein skal som tilsett alltid ha signert samtykke før ein kan informera pårørande eller andre om pasienten/brukaren/familien sin aktuelle situasjon. Ein kan likevel gje generell informasjon utan samtykke. Som helsepersonell skal ein alltid gje tilbod om generell informasjon til pårørande.

Lenke til samtykkeskjema

 

Informasjon og støtte til barn og ungdom som pårørande når samtykke føreligg

Ein skal søka å avklara situasjon og behov ved kvart einskild tilfelle. Barn og unge i same familie kan og ha ulike behov. Ei slik avklaring får ein gjennom samtale med pasienten/brukaren og evt den andre med foreldreansvar/andre med omsorg for barnet/ungdommen. Ein skal bidra til at pasienten/foreldra høyrer på og legg vekt på barnet/ungdommen si meining i tråd med barnet sin alder og modning. Dersom samtykke føreligg til det kan helsepersonell, etter ei vurdering av det beste for barnet/ungdommen, tilby desse å ta del i ein samtale.

Korleis forløpet skal vera her kjem an på om situasjonen er akutt eller om det er snakk om planlagde og langvarige behandlingsforløp. Ved aktutte høve skal helsepersonell alltid forsikra seg om at barn har tilsyn og omsorg av annan vaksen. Helsepersonell skal, så langt det er mogeleg, avklara med pasienten at andre tek hand om barnet/ungdommen og om omsorgssituasjonen er tilfredsstillande.

Det ein skal søkja å avklara er:

  • Er foreldra i stand til å bistå barnet eller ungdommen med problem og belastningar?
  • Får barnet eller ungdommen tilstrekkeleg følelsesmessig støtte, oppfølging og tryggleik ut frå alder og utvikling og den aktuelle situasjonen?
  • Korleis er dagleglivet for barnet eller ungdommen organisert og ivaretatt med omsyn til struktur og rutinar?
  • Ved sjukdom, funksjonsnedsettelsar eller spesielle behov hos barnet eller ungdommen, kva er eksisterande hjelpetiltak eller kontakt med hjelpeinstansar?
  • Tek vaksne ansvar for praktiske oppgåver i heimen?
  • Tek vaksne ansvar for omsorgsoppgåver for den sjuke?

Ein skal vidare avklara kva informasjon og oppfølging barn som pårørande treng. I enkelte høve kan det vera behov for å kontakta andre instansar som barnehage eller skule for å undersøka korleis barnet eller ungdommen har det. Det må føreliggja samtykke frå pasienten før ein tek ein slik kontakt.

 

Snakk med familien om kvardagen i barnehagen og på skulen 

Når tilsette vurderer at situasjonar i heimen vil påverka små barn bør ein snakka med føresette om betydninga av å samarbeida med barnehagen. Når tilsette i barnehagen får informasjon om kva situasjon familien er i, kan dei forstå og ta betre vare på barna.

For større barn og unge bør tilsette snakka med føresette om betydninga av å samarbeida med skulen og/eller skulehelsetenesta. Ein skal, dersom føresette ynskjer det, bistå dei i å ta kontakt. Dersom både skulen og skulehelsetenesta skal informerast bør dei informerast samstundes for å letta samarbeidet.

Når lærarar får informasjon kan dei vera til støtte og hjelp og leggja til rette for barnet eller ungdommen. I samråd med føresette og barnet/ungdommen kan skulen vurdera kva som bør gjerast for at eleven skal få det best mogeleg. Skulehelsetenesta kan td tilby samtalar med helsesøster. Skulehelsetenesta kan og vurdera om det er behov for meir omfattande hjelpetiltak.

Her bør ein nytta Rettleiar for Betre Tverrfagleg Innsats for å sikra rett framgang i situasjonen.

Les meir om barn som pårørande:

Veileder om pårørende i helse- og omsorgstenesten

Barn som pårørende – Resultater fra en mulitsenterstudie